Tirsdag 17. juni 2014 ble Helge Torvund tildelt Rogaland Fylkeskommunes Kulturpris. Derfor har Scoopet valgt å publisere intervju mars 2014 på forsiden, igjen.

Ein skal kanskje véra aktsam når ein får sjansen til å prate med ein annerkjent poet fra Jæren. Sjølv om dette kanskje er upløyd mark for scoopet.net, er visse forhåndsreglar tatt. Intervjuet skal sjølvsagt vera på nynorsk.

FOTO: Privat

FOTO: Privat fra Yorkshire Moors.

MONOSAPIENS: Helge Torvund er eit kjent namn – og på Jæren. I tillegg til å vera ein annerkjent poet, psykolog og forfattar, har han òg gjort det komande albumet til jærbandet Monosapiens, meir tiltalande. Torvund les dikt til ei eksperimentell lekegrind i jazza landskap.

Scoopet.net syntest det er både nyskapande og nærmast revolusjonerande godt tenkt å få Torvund med på dette. Poeten fortel Scoopet.net om favorittartist, om det er lov å syngje Oh…I love you, om inspirasjoner og grensa for eksperimentelle grense.

Som om ikkje dette var nok, har og Monosapiens slept ny video. Den ser du her.

Kallar du deg sjølv for poet eller lyrikar, og kva er skilnaden?



– Eg kallar meg «poet», men det er ikkje noko eg tenkjer på til dagleg. Det var ein del menneske som vart opptekne av å bruka ordet «poesi» og «poet» i staden for «lyrikk» og «lyrikar» for mange år sidan. Det avspegla seg i tidsskrift som Poesi Magasin og Poetica. Eg trur me tenkte at poesi kjem frå det «å skape» og at det på ein måte viste meir av ei livskjensle og levemåte, enn bare å vera ein sjanger innan litteratur.

Målarar som Kjell Nupen snakka om poesi i målarkunsten og Arne Nordheim om poesi som eit språk i musikken.

 

Blir du dagleg inspirert av landskap og hendingar til nye rim eller dikt?

– Ja. Nå er det slik. I periodar er det slik. I andre periodar kan det gå lenge mellom kvar gong eg skriv noko.

 

Kva er ein poets største utfordring?

– Ei av utfordringane er at folk har visse forventningar til korleis og kva ein skal skrive, Korleis ein poet skal vera. Ein må fristille seg frå dette.

 

Kor glad er du i Jæren?



– Den gleda stikk djupt. Men Jæren er så mykje. Eg er glad i landskapet, lyset og godtfolk. 
Men som med eit menneske du er glad i, er det òg ting ved Jæren som irriterer og gjer meg oppgitt. Eg kunne ønska meg meir fokus på det estetiske og på økologi. Men det er her eg høyrer til. Her og i Yorkshire.

 

Kvifor Yorkshire?

– Yorkshire Moors liknar på lyngmarkene på Jæren, eg trivst veldig godt der og reiser ofte dit.
Landsbyane, pubane, det rolege livet der ingen verkar opptekne av trendar eller det siste nye.
Eg har planar om å skrive noko om dette òg etter kvart, me får sjå kva det blir.

 

Kva er ein typisk jærbu? 

– Kva skal ein seia? Kanskje ein som ikkje er så nøye på det? Som tek eit overblikk og seier, «Jaja.» At noko vert gjort, er viktigare enn at det er så perfekt? Det er noko raust og avslappa blanda med energi og pågangsmot?

 

 

Men eg vert ikkje nemneverdig provosert verken av panfløytemuzakk eller ekstrem støymusikk.

 

 

Kvifor takka du ja til å vera med Monosapiens på plate?

– Eg liker at folk vil bruka det eg har skrive i samanhengar som er nye for meg, dersom samanhengen òg er prega av kvalitet. Eg hadde lytta til gitarspelinga til Hans Berge Stokkeland (Monosapiens sjef – Red.) og vorte imponert. Så høyrde eg nokre kutt frå dette nye bandet og likte kvaliteten, drivet og ikkje minst variasjonen, samansetninga av stilar og sound. Så då dei spurte, sa eg ja. Men vilkåret var at eg ikkje skulle vera med på meir enn det eg til ei kvar tid sjølv hadde bestemt. Eg skal eigentleg ikkje samarbeide med folk i år, men fokusere på eiga skriving.

 

Helge Torvund seiar han lyttar mykje til Monosapiens plate.

Er det nye eller gamle tekstar som blir brukt?

– Det er begge delar. Mest fragment frå dikt frå tidlegare bøker, men òg noko nyskrive spesielt for dei.

 

 

Ein fisk har ikkje ekornpels, sa ein svensk poet. Men det kan hende at me vert nøydde til å sjekke korleis det ville sett ut.

 

Har det vore ein krevjande prosess?

– For andre ville det kanskje vore det. Når ein les og skriv må ein bruke heile seg og vera ekstremt fokusert og tilstade. Det er krevjande, men eg har lang øving, så dette gjekk fint for min del. Det mest krevjande har vore alle dei ville festane. Nei, det var bare tull.

 

 

 

 

Brukte du lang tid i studio?

– Nei, eg har svært lang rutine når det gjeld å lesa inn ting, så eg les sjeldan meir enn ein gong, så eg har bare brukt ein time av deira tid. Mykje av det du høyrer har vorte gjort med røysta mi i ettertid. Det er fascinerande, for det vert som eit instrument. Sidan det å lesa opp krev lang erfaring, kan du òg seie at eg har nytta 40 år i Det Store Studioet.

 

Har du ein favorittlåt?

– Javisst. Men det skiftar, og har vore fleire. Ikkje minst «Hitlertennene».  Så var det «Hjulkapselen som var ein pupill.» og nå er det «Grønblå fjør».

 

Monosapiens er en eksperimentell lekegrind. Er alt lov?

– Loven seier at du skal kunne det du gjer. Og når du har gjort nokre taktar, er ikkje lenger alt mogleg eller lov, fordi det som kjem etter må stå i eit visst forhold til det du nettopp gjorde. Ein fisk har ikkje ekornpels, sa ein svensk poet. Men det kan hende at me vert nøydde til å sjekke korleis det ville sett ut. Ein må stadig finne dette ut på ny; er dette lov? Kan me få dette til å fungera?

 

Kva er kjærlighet?

– Ei stor og grenseoverskridande kraft. Ei gåte. Eit spørsmål det er skrive mange bøker for å svare på.

 

 

Men «love» med aksent over o-en? Nei, det går ikkje.

 

 

Er det nokon musikkform/sjanger som gjer deg provosert?

– Vel. Provosert er ikkje nødvendigvis negativt. Eg lever elles ikkje slik at eg må lytte til ting eg ikkje har lyst å lytte til. Eg kan dra på smilebandet av visse former for musikk. Og eg kan skru av. Men eg vert ikkje nemneverdig provosert verken av panfløytemuzakk eller ekstrem støymusikk. Eg lever i denne verda. Lyden av verda er ein del av det eg må akseptera.

 

Kva slags musikk voks du sjølv opp med?torvundleksjonar

– Om me tek utgangspunkt i ungdomstida, så spela eg bass i eit band, det som seinare utvikla seg til Jærrock, og me spela britisk popmusikk, frå Shadows til Beatles og Stones, seinare vart det meir amerikansk som soul og , R & B. Men sidan eg er oppteken av tekstar, var òg Donovan, Incredible String Band, Dylan og Cohen viktige.

 

Lyttar du mykje på musikk, og kor viktig er tekstane då? Kan til dømes – Oh… I lóve you òg fungere?

– Ja, eg lyttar ein god del nå. Dei siste åra har eg lytta ekstremt mykje til Keith Jarrett. Soloplatene hans og nett nå eit album som heiter «Changeless». Eg veit ikkje kva det er som fascinerer meg så intenst, men eg skal høyre meir på den musikken så kanskje eg finn det ut ein dag. Tekstane er viktige når dei er viktige. Når orda bare glir inn som lyd, som musikk, som eit instrument, så er teksten mindre viktig og alt kan fungera dersom heilskapen rører ved noko i meg. Men «love» med aksent over o-en? Nei, det går ikkje.

 

Du har og skrive ein song for Bjørn Eidsvåg som vart årets radiohit i 2010. Korleis gjekk det til?

– Eg kjende Bjørn litt frå før. Han reagerte på eit vers eg la ut på Twitter, som hadde rim og rytme og eit innhald som fenga han. «Du er nede for telling./Eg er oppe for show. Du eller ei elling./Eg seier «Go, go, go!» Han skreiv faktisk ganske så sjølvbevisst og med eit glimt i auga, skriv eit par vers til, så lagar eg melodi til, så har me ein hit. Av og til går det slik ein seier. Så pass på.

 

I 2011 blei barneboka Vivaldi gitt ut.

vivaldi

Boka fekk sølvmedalje i «Årest vakreste bøker» i Norge, og blei i 2012 utpekt som en av de 20 vakraste barnebøkene i verden av det New York-baserte nettstedet for kultur og kritikk; FlavorWire.com. Vivaldi handlar om ei jente som blir mobba på skulen.

Har du erfaringar med barn og mobbing?

– Eg har tjue års erfaring som psykolog i skulen. I Grimstad og i Hå. Det var eit stoff eg hadde lyst å seie noko om, og eit behov for å arbeida med, bearbeide. Det er eit sår i samfunnet.

 

Kva er din største inspirasjon blant forfattarar?

– Først og fremst er det den gode linja i eit dikt, den gode setninga i ein prosabok, det som seier litt meir enn det ein trudde var mogleg. Er eg nøydd til å velje ein som inspirerer, så vert det Pablo Neruda. Hans Elementære Oder, dikt til alle dei kvardagslege tinga kring oss, som lauk, eple og lukta av ved vert eg aldri lei av.

 

Kva er vår tids største utfordring? 

– Å finna den vegen som gjer at menneska kan leva i eit gje-og-få forhold til kloden og naturen. Å forstå at me er ein del av ein stor, omfattande og kompleks heilskap, og at det å leva som om me ikkje er ein del av heilskapen, får dei ubetalte rekningane til å hope seg opp.

 

Scoopet.nett takkar for tiden, og ynskjer Helge Torvund lykke til vidare.

Sølve Friestad – scoop@scoopmanagement.no

Twitter: @SolveFriestad

skj